Bakketunet

"Eg må allereie klype meg i arma når eg går inn døra til huset som er under oppføring. Det er alltid spennande å kome heim og sjå kva snekkarane har fått til i løpet av dagen. Og dei har vore kjempeflinke! Eg er skikkelig imponert over kor fort det har gått. Og det at det nærmar seg innflytting er nesten litt uverkeleg. " -Marita Bett Aakre

172224333_10158137454795872_6070672427469543418_n.jpeg

Hvem er du? 

Født og oppvaksen på Bjørke, innerst i Hjørundfjorden. Flytta frå Bjørke berre 15 år gamal, men flytta permanent tilbake i 2015. Har to døtre som er 19 og 21 år gamle. Og eit barnebarn. 

Livssituasjon

Utdanna adjunkt og har ein bachlor i Kunst og handverk frå Høgskulen i Volda. Har gått på Ålesund Kunstfagskole 😊 

Pr no har eg eit engasjement som formidler i Aasentunet og fast stilling i Kulturskulen i Volda og Ørsta der eg underviser i Visuell kunst. I tillegg er eg dagleg leiar i Hjørundfjordstrikk og driv enkeltmansføretaket Galleri Aakre, mest kjent som Bakketunet, der eg driv kunst- og kulturformidling sommarhalvåret. 

Hvordan ligger byggeprosessen an? 

Etter produksjonsplanen ligger vi an akkurat der vi skal vere. Denne veka er det Fixit (?) sin tur med sparkling av gipsveggar. Snekkarane er i ferd med å fullføre innreiinga av kjellaren, og vi ventar på at rørleggar skal sluttføre arbeidet sitt på bada. 

Hvordan kom du i kontakt med Lampholmen?

Etter brannen for eitt år sidan var eg veldig i villreiie over kva eg skulle gjere. Huset var ikkje totalskada, som betydde at vi kunne bruke opp igjen murane. Noko eg for så vidt syntest var greit fordi eg likar romløysingane til Stranda-huset som far min bygde i 1982. Sidan eg kjenner huset betre enn nokon, og er over snittet interessert i arkitektur, teikna eg dei første skissene sjølv. Eg teikna draumehuset med dei gamle murane og eksisterande romløysingane som utgangspunkt. Huset var allereie på teiknebrettet då Michel tok kontakt og sa at han ville hjelpe meg. Vi hadde møtt kvarandre ved nokre høver tidlegare. Faktisk under ein middag i under Hjørundfjorden kultur- og matfestival. Eg gløymer nok aldri den telefonsamtalen når Michel ringde meg, og som kom som sendt frå himmelen. Han ville hjelpe meg med å bygge opp att huset i Lampholmen stil. Når vi møttest viste eg han skissene mine,  og eg trur vi begge blei litt forundra over kor likt det var eit hus frå Lampholmen. Og sidan har vi hatt svært god kjemi og vore enige om det meste. Skissene mine blei oversendt til Lampholmen sine arkitektar som teikna huset slik som vi no kjenner det. 

Hva har vært det mest utfordrende i byggeprosessen? 

Der har vore nokre humpar, men ikkje dei aller største. I søkeprossessen oppdaga vi at vi trengde ein geologirapport fordi vi bur på eit område som er klassifisert som rasfarleg. Geolog blei leigd inn og vi fekk grønt lys i starten av juni. Sidan huset er nær dei freda bygningane, har vi også hatt dialog med  Riksantikvaren om utforming av huset. Det skal ikkje bråke for mykje visuelt. Sjølv om huset blir veldig stort i forhold til dei gamle bygningane, ligg det fint i terrenget og kledninga gjer uttrykket rolig. Vi valgte å bruke malmfuru på heile bygninga etter innspel frå Riksantikvaren. Det er eg veldig glad at vi gjorde. Furua grånar fort og eg opplever at huset ikkje blir så dominerande der det ligg. Det at det er ei funkisinspirert bygning, som gjer at vi får fram ein spanande kontrast til det gamle tunet, synest eg.  

Når er planen å flytte inn?

Huset skal stå nøkkelferdig 15. mai. 

Hva gleder du deg mest til med å flytte inn?

Eg må allereie klype meg i arma når eg går inn døra til huset som er under oppføring. Det er alltid spennande å kome heim og sjå kva snekkarane har fått til i løpet av dagen. Og dei har vore kjempeflinke! Eg er skikkelig imponert over kor fort det har gått. Og det at det nærmar seg innflytting er nesten litt uverkeleg. 

Det eg gleder meg mest til er å våkene opp i eit flunkande nytt hus med store vindaugsflater, kunne stå opp og nyte utsikta og sjå på dei gamle husa som ligg omkransa av høge fjell. Det set det heile litt i perspektiv. Tida har verkeleg endra seg frå det eldste huset i Bakketunet som har tømmer frå 1549. Og du? Vi er veldig, veldig heldige, sett i perspektiv av korleis vi budde før. I huset vil det vere varmt heile året, der kjem varmevatn frå krana, bruke  Kunne gå på eit WC. Water closet! Eg er enormt takksam for at eg lever i denne tida! 

Har du gjort noe egeninnsats? 

I tilknytning til det gamle huset var det også eit tilbygg som fungerte som atelier, og som berre var 2 år gamalt. Det måtte eg smertefullt rive delvis fordi det ikkje let seg implementere med hovudhuset. Her har vi gjort det innvendige arbeidet sjølv. Det balla jo sjølvsagt på seg, og no har vi laga bygd kjøkken og bad i kjellaren som er knytt til atelieret. Det blir ei lita studioleiligheit som eg skal bruke sommarstid har eg tenkt. Så kan døtrene få bruke huset slik som dei vil.     

Hadde du bygget noe før? Evt hvor lærte du deg det?

Haha, ja, parallelt med at far min bygde Stranda-huset debuterte eg som husbyggar. Eg stjal material frå han og bygde to trehytter. Ein god start i alle fall. Interesse for hus har alltid vore der og har blitt sterkare med åra. I 20-åra blei eg tatt med inn i restaureringsprosessen av det gamle tunet. Dette arbeidet har vart heilt fram til i dag. Parallelt med dette arbeidet begynte eg på rennoveringa på eitt av husa på garden som er bygd i 1955, som først var brukt av Tussa sine ingeniørar under anleggstida på Bjørke. Som no er Kunstnarbustaden i tunet. Arbeidet med dette huset ga meirsamk og eg har fått sett opp utekjøkken, drivhus, paviljong og eit lite atelier. Og faktisk eit grindbygg der vi henta furu frå eigen skog. Synest det er veldig interessant og givande med slike byggeprosjekt. Liker det å vere kreativ, tenke funksjonelt og samtidig gjere det fint rundt meg. Kunnskapar om dei ulike prosessane har komt etterkvart som eg har jobba med det. Har lært mykje av å følge dyktige snekkarar i arbeidet deira. Og som lita jente var eg mykje saman med faren min, som var superhandy og ein ekte- Reodor felgen-kar. Smiler godt når eg ser spora etter han på garden, og takkar han for mykje av dei praktiske kunnskapane eg har. Når eg lurer på noko, slik som korleis eg skulle flislegge badet, kika eg berre på youtube. I vårt område har vi veldig mange flinke folk som det er enkelt å spørje om hjelp og rettleiing. Men først og fremst handlar det om vilje og holdning. Eg tenker alltid at dette klarer eg, sjølv om eg aldri har gjort det før. 

Hvor mye tror du at du har spart på å gjøre dette selv?

Eg veit ikkje eksakt beløp, men det er snakk om ganske mykje. 

Har du hatt noe fokus på gjenbruk og bærekraft i prosjektet? 

Eg har alltid eit auge for gjenbruk og kreative løysingar. Så no når Aasentunet skifta ut innreiinga si av eik, teikna av sjølvaste Sverre Fehn, var eg snar med å seie at eg gjerne kunne ta over den. No har eg ein plan med alle elementa i innreiinga. Det er fint med gjenbruk, samtidig føler eg vel at dette huset skal spegle si samtid, så eg har valgt heilt nytt kjøkken frå Svane kjøkken i hovudetasjen. Innreiinga frå Aasentunet som skal brukast her og der blir ein del av storytellinga. Og for meg handlar det også om akkurat det.  Å gi framtida nye historier.  

Artikler

FAQ / Ofte stilte spørsmål

Hva er husbankfinansiering

Byggeprosessen fra A-Å